| Svimmelhet er en folkesykdom |
| fredag 12. mars 2010 09:01 |
I alle år har dei som er plaga av svimmelhet fått råd om å liggje i senga og ta det med ro til det går over. Det rådet er feil, seier øyre-nase-halsspesialist Frederik Goplen ved Balanselaboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen til nyhetsbyrået Newswire.
Balanselaboratoriet er eit nasjonalt kompetansesenter for sjukdommar i balanseorgana. Ekspertane der oppmodar svimle pasientar til å bevege seg meir. - Det er mogleg å trene opp balansefunksjonen i hjernen. Du blir i dei fleste tilfelle betre viss du bevegar deg meir, sjølv om du i starten føler deg meir uvel. Turar i ulendt terreng er svært god balansetrening, seier Goplen. Svimmelhet har mange årsaker. - Nokon blir svimle om dei reiser seg fort. Det skuldast at det kjem for lite blod til hjernen. Trening vil betre blodsirkulasjonen i heile kroppen, også hjernen, seier Goplen. Andre slit med sjukdommar i balanseorganet i det indre øyret. - Dette kan gjere at du plutseleg føler at du er i ein karusell og at alt går trill rundt. Du blir kvalm. Når du går, kjennest det som omgjevnadene hoppar, seier Goplen. Han forklarer at balanseorganet fungerer som ein biletstabilisator for auget, som gjer at vi kan gå, springe og bevege på hovudet utan at det ser ut som omgjevnadene bevegar seg. – Det er ikkje uvanleg at pasientane vert sende til fleire spesialistar og gjennomgår omfattande og langvarig utgreiing. Sjølv om helsevesenet brukar mykje ressursar på desse pasientane, føler mange at dei ikkje får den hjelpa dei treng. Balanselaboratoriet tar imot pasientar frå heile landet, og opplever at relativt enkle tiltak kan betre situasjonen monaleg for pasientane. - Det er nytt for mange at dei blir friskare av å bevege seg meir, seier Goplen. |
Smil |
|